Vigil

Vigil

Download Norwegian Untertitel

Staffel 1

Release Info

Vigil S01 NORDiC 1080p BluRay REMUX AVC DTS-HD MA 5 1-EGEN no
Ein Kommentar von CtrlAltDel
retail fra EGEN

Tags

BluRay
1080
TS
HD
REMUX
Veröffentlicht am: 2022-05-24
Downloads: 19
Hörgeschädigt: No

Norwegian Untertitel-Vorschau

Die ersten 200 Zeilen.

Om du møter han, må du spørje om å få sjå tatoveringa hans.

-Eg kjem ikkje til å gjere det. -Han ville ha ei tatovering av kjærasten.

Han tok med seg eit bilete av dei to frå huset til mor si ned til tatoveringssjappa.

Men så såg han at det var mora som blei tatovert på armen hans.

Det er ein fin fiskestim under oss!

-Kva var det? -Eg skal sjå på denne sida.

-Det er stramt. -Sjef, vi sit fast!

Han stoppar ikkje!

-Kvar er boltekuttarane? -Sjå i den raude kassa!

-Kvar er ho? -Trålen sit fast, kaptein!

Kutt vaieren! Kutt vaieren, elles blir vi dregne under!

-Kaptein, vi sit fast! -Vi tek inn vatn!

Melding frå CTF.

-Er vi klare til å sende snart? -Ja, sir.

-Er det ingen signal? -Nei, sir.

Pump to tonn frå M- og O-ballasttankane til C.

-Vi blir dregne under! -Hald dykk fast!

-Kutt vaieren! -Boltekuttarane er borte!

Miller, kom hit! Løys ut redningsflåten!

Eg klarar ikkje å halde meg fast lenger!

Sir, eg trur eg har funne noko. Eg kan ta lyden ut på høgtalaren.

-Kva er det? -Eg trur det er ein trålar, sir.

Kva skjer med han?

-Har han kollidert med noko? -Det er ingenting anna i området.

Skal vi gå opp, sir? Det er under ei nautisk mil unna.

-Kor stor er trålaren? -Middels. Kanskje seks om bord.

-Og du veit ikkje kva som har skjedd? -Det skjedde fort.

-Kan det ha vore ein annan ubåt? -I så fall har vi ikkje høyrt han.

Vi går over til lydlaust beredskapsnivå. Vaktsjef, eg tek over kommandoen.

Dei rakk ikkje å sende ut naudmelding. Vi må hjelpe dei.

-Gå og vekk Kierly. -Då "Antares" forliste, drukna alle.

Vi veit ikkje kva som har skjedd, så vi må vere forsiktige.

-Det kan vere folk i sjøen der oppe. -Gjer jobben din!

-Ville du snakke med meg, sir? -Ja, få han ut herifrå.

-Har du tenkt å la dei døy? -Du skal følgje ordre!

-Skal du snakke med konene og barna? -Kvartermeister, få Burke ut herifrå.

-Kierly, finn ut kva som har skjedd. -Skal bli, sir.

-Kva er det vi driv med? -Dra tilbake til køya di og ro deg ned.

Norske tekstar: Olav Aasmundtveit

Flotiljemeister Kierly, meld deg hjå kapteinen.

-Sir? -Kva har du funne ut om forliset?

I byrjinga kan ein sjå at motorduren til trålaren er låg og stabil.

Det kan sjå ut som om ein samanstøyt har ført til eit stort hòl i skroget.

Men det kan òg ha vore ein eksplosjon. Eg har berre fått sett på det i ein time.

Du og Burke må undersøkje det vidare.

-Skal eg vekkje Burke, sir? -Ja takk.

-Få tak i legen! -Eg trur han har fått hjartestans!

Personskade på dekk 3 på babord side ved messa.

-Kva har skjedd? -Veit ikkje. Eg fann han slik.

-Kva har skjedd? -Han har fått hjartestans.

-Pustar han? Har han frie luftvegar? -Eg skal undersøkje. Ta over.

Kom igjen!

-Hjartestartar! -Kor lenge skal vi fortsetje?

-Gjer klar til å gå opp til periskopdjupn. -Det er motteke, sir.

-Cronin, du må sende ei melding. -Ja vel, sir.

-Amy Silva. -Du må kome med ein gong.

Ja vel. Har eg tid til å ta ein dusj?

-God kveld. -Amy.

-Kven andre er det som kjem? -Det er berre du.

Kontreadmiral Shaw, dette er fyrstebetjent Amy Silva, den beste etterforskaren min.

Vi går rett på sak.

Eg har kommandoen over Storbritannias fire atomubåtar i Vanguard-klassa.

Om bord i HMS "Vigil" døydde ein frå mannskapet av overdose i dag.

-Dei trur at han sniffa heroin. -Ved eit uhell eller med vilje?

Vi veit berre at han blei funnen død.

Dessverre skjedde det i britisk territorialfarvatn.

Ja. Forsvarsdepartementet og det skotske parlamentet har krangla i heile kveld.

-Når kjem ubåten tilbake? -Han kjem ikkje tilbake.

Ein av desse ubåtane er alltid ute på tokt. Det har vore slik i over 50 år.

Vi avbryt ikkje det pga. eit uhell og byråkratisk vrøvl.

Difor må vi sende etterforskaren ut til HMS "Vigil".

Du skal vere om bord i tre dagar, og så dreg du derifrå på ein flåte.

-Ein flåte? -Det er heilt trygt.

Om ikkje du blir påkøyrd av eit tankskip, då.

-Kva heiter den avlidne? -Flotiljemeister Craig Burke.

Eg er kapteinløytnant Erin Branning.

Og om eg må avhøyre nokon, må eg få ein advokat ut dit òg?

Ja, det er ein mangelfull plan.

Mannskap som døyr under tokt, blir som regel lagde bort. Men vi må følgje ordrar.

Mannskapet blir bede om å samarbeide. Finn ut om det var tilfelle av trakassering.

-Vi har nulltoleranse for trakassering. -Har det vore stoffmisbruk på ubåtane?

-Vi har aldri hatt ein overdose før. -Det var ikkje det eg spurde om.

Det er ingen stoffmisbruk om bord i "Vigil".

Vi må få frakta han til land for å få han obdusert.

-Og om eg må snakke med Robertson? -Du kan ikkje ringje heim.

Du kan ta imot meldingar, men ubåten sender ikkje ut signal utanom naudstilfelle.

Bagasjen din må passe inn i denne.

-Eg heiter Silva. L-V-A. -Unnskyld. Kort varsel.

Det går fint. Jobben min er ikkje å vurdere kompetansen til marinen.

Taklar du tronge rom?

Amy kjem til å klare dette, kapteinløytnant Branning.

Dei kjem neppe til å rulle ut den raude løparen. Det var difor det måtte bli deg.

Kjem du til å takle det?

Det er berre tre dagar. Ja, det går fint.

Burke bestod den obligatoriske narkotesten i juli.

-Han minner ikkje om ein stoffmisbrukar. -Nei.

Eg treng ein medhjelpar som kan snakke med kollegaene og venene til Burke.

-Det er fornuftig. -Eg tenkte på Kirsten Longacre.

-Jobbar ikkje ho i saknagruppa? -Jo.

Om ikkje eg kan sende meldingar derifrå, treng eg nokon som kjenner meg.

Ja vel.

I Westminster går debatten om oppgradering av Trident-missila.

Pårørande ber kystvakta om å utvide søket etter ein sakna trålar.

-Melde du deg frivillig til dette? -Nei.

-Kunne du ha sagt nei? -Det var ikkje eit alternativ. så ...

Det er berre tre dagar. Eg klarar det.

Eg drog ofte ut hit. Foreldra til Ian bur nokre kilometer unna.

Kva anna treng du frå meg?

Finn ut så mykje som råd om Burke, om han har vore borti narkotika.

Burke hamna i slåstkamp på ein pub like ved basen. Det er verdt å sjå nærare på.

Alle meldingar du sender til meg, kjem til å bli lesne av andre.

Så ingenting erotisk?

Kan du bu i leilegheita mi? Katten blir uroleg når eg er bortreist.

-Kva er det? Er det ein person? -Helvete.

Meld ifrå.

Eg treng ein ambulanse.

Kvart Trident-missil kostar 66 millionar dollar.

I tillegg vil politikarane bruke fleire hundre millionar på å oppgradere dei.

-Det er ironisk at de snakkar om drap. -Dunloch fører til verdas undergang.

-Snakk med parlamentsmedlemen din. -Ingen gjer noko.

-At du blir overkøyrd, hjelper ingen. -Eg får sove om natta. Kva med deg?

-Namn? -Kriminalbetjent Kirsten Longacre.

-Fyrstebetjent Silva, Amy. -Takk.

Velkomen til Dunloch. Du må gå gjennom ei brifing og få på deg overlevingsdrakt.

Skal du ta med deg mobilen din om bord, må du ta ut SIM-kortet.

Marinebasen i Dunloch

Følg etter meg.

I staden for å skrive til meg i klartekst kan du referere til ting vi har gjort saman.

-Kva då? -Kjende stader. Felles kjende.

Flotiljemeister Matthew Doward skal vere med deg ut. Han skal erstatte Craig Burke.

Det er ikkje lenge.

Kom hit.

-Eg er lei for det. -Du kan ikkje seie det no.

Dei er klare.

Vent her!

Då dreg vi!

Kontroller drivstofftilførsel, luker og dører før vi lettar.

Døra er stengd. Alle bremsene er av. Vi er klare til avgang.

-Har du tenestegjort om bord i "Vigil" før? -Nei, men eg har trena med ein del av dei.

Eg jobbar til vanleg om bord i "Virtue". Der er det mykje mindre problem.

-Eg kan eigentleg ikkje snakke med deg. -Kvifor ikkje?

-Amy, er du klar? -Eg trur det blir regn.

-Poppy! -Eg finn ikkje lua mi!

-Eg fann lua di under jakka mi. -Greitt, då dreg vi!

Dette er 9NS. Vi er ved avtalt møtestad. 75 grader og 22,26 desimalminutt nord.

11 grader og 1,57 desimalminutt vest. Vindstyrken er 5 meter per sekund.

Vi er framme ved møtestaden.

-Kor lenge må vi vente? -Vi kan bli her så lenge vi har nok drivstoff.

Vi ser ubåten.

Dette er 9NS. Vi er klare til overføring.

Lyft opp armane!

Ho er kopla frå sambandet.

Fem, fire, tre, to ...

Eg skal følgje deg bort til døra.

Ikkje hekt deg fast i vaieren.

Og du må ikkje røre på armane, elles fell du ut av selen.

Når eg har talt til tre, blir du dregen ut og firt ned. Du må ikkje hoppe opp.

Ein, to, tre ...

Lina er kopla ifrå! Klatre ned gjennom luka!

Fortset!

-Steng den øvre luka på tårnet. -Skal bli, sir.

-Kvar skal eg ...? -Vent her.

-Fyrstebetjent Silva. -Kapteinløytnant Prentice.

-Skulle ikkje Burke bli frakta vekk? -Det er for seint no. Velkomen om bord.

Flotiljemeister Doward og sivil etterforskar er komne om bord.

Den øvre og nedre luka på kommandotårnet er lukka.

Endre kursen til ti grader babord. Vaktsjef, ta ubåten ned i djupet.

Unnskyld meg.

-Kvartermeister Elliot Glover. -Betjent Amy Silva. Kvar er Craig Burke?

Han er i torpedorommet.

-Eg må undersøkje liket. -Greitt. Denne vegen.

-Er det lege her på skipet? -Kan du ta denne?

Ein ubåt er ein båt. Vi har ein militærlege om bord. Løytnant Docherty.

-Kan du be han om å hjelpe meg? -Legen er ei kvinne.

Det er 8 kvinner og 140 menn om bord. Du kan jamne ut skilnaden.

-Kva er eit torpedorom? -Det er der vi lagrar torpedoane.

Om ikkje du blir full av blåmerke, går du ikkje raskt nok.

-Kor stort er dette fartøyet? -Like langt som to fotballbanar.

Eg treng eit kart.

-Eg skal ta sekken din. -Takk.

-Veit du kva som er her inne? -Atommissil til ein verdi av 50 mill. pund.

Det er difor det ikkje er atomkrigar. Det er altfor kostbart å erstatte desse.

Dette er legen, kirurgen og tannlegen vår. Løytnant Tiffany Docherty.

-Korleis var flyturen? -Eg blei kasta ut av eit helikopter.

-Det er betre enn Ryanair. -Du er vel ikkje skadd?

Nei då. Du må hjelpe meg med å undersøkje Craig Burke.

-Eg skal hente utstyret mitt. -Greitt. Denne vegen.

-Korleis har mannskapet hatt det? -Vanskeleg, men dei er profesjonelle.

-Kor godt kjende du Craig Burke? -Ganske godt. Eg lika han.

Og kva er jobben din?

Kvartermeisteren skal ta seg av folk. Eg er ei vandrande HR-avdeling.

Trur du han tok livet sitt?

Han tok ein overdose, så det ser slik ut.

Velkomen til torpedorommet.

-Kvar er liket? -Folkens?

Frysaren i byssa er full av mat.

Torpedorøyret er ikkje isolert, og sjøen held 4 grader. Liket bør vere i god stand.

Ikkje slepp nokon inn hit.

Set i gang.

-Gav de han fyrstehjelp? -Ja, men han var allereie død.

Kommentare

No comments yet. Be the first to leave one.

Keep it about this subtitle — sync, quality, typos.500 characters left