نخستین 200 خط.
Nytt liv i East End
Norske tekstar: Heidi Wallevik
Jula kjem, året er omme. Det er tid for å strekke ut ei hand, for å minnast.
Finne trøyst i ei magisk høgtid som framleis blir feira.
Det er da vi har vareoppteljing, det er da vi måler glede mot smerte.
Det er da vi seier: Dette er eg, slik er eg no.
Det er da vi viser kva vi set aller mest pris på.
Philip? Eg kan ikkje finne han nokon stader.
- Er han i eska med juletrelysa? - Eg ville aldri lagt han der.
Kvifor skulle eg det? Det er pynt som ikkje skal på treet, men på peishylla.
Kanskje det held med kristtornkvistar? Det er bær på dei i år.
Men no skal eg tenne opp i peisen.
Eg veit ikkje om eg er dum, romantisk eller eit rutinemenneske.
Dei to siste. Ein gong sjukepleiar, alltid sjukepleiar.
- Vi var så unge. - Tja ...
Søster Monica Joan må ha vore fleire og åtti den gongen.
Ordet eg leitar etter, er "uskuldig". Klart eg både såg og høyrde ting -
- eg aldri har sett verken før eller seinare, men ...
Vi hadde liksom ein måte å sjå framtida i kvitauget på ...
Vi var uredde, slik berre ungdommen er.
Eg skulle ønske eg kunne finne den dekorasjonen.
Eit julekort verkar som ei nokså skjør melding.
Ein bit farga og bretta papir som inneheld nokre få ord og helsingar.
Meiner ein noko med "kjærleg helsing", står det kanskje nokre x-ar på arket -
som liknar små fuglespor i snøen.
- Kort frå Jenny. - Så fint!
Fortset, ein runde til. Hopp så høgt de kan, vi må sjå om hovudpynten held.
- Høgare, Maxine. - Eg ser ikkje kvar eg går.
Gjer som Beverley. Du er veldig flink, Beverley. Fortset.
Det er bra, det er bra. Kan alle snøfnugga slutte å danse og stå i ro?
Søster Franklin må sjekke hovudpynten. Kanskje vi treng fleire klemmer.
Eg trur ikkje det er nok klemmer i heile verda.
- Korleis går det med snøen? - Vi har nok til ein liten snøstorm.
- God dag. - Fred. Gjeld det drakta?
Nei, det gjeld kranen som lek.
- Kvifor gjorde du det, søster Franklin? - Kva?
Snakka om drakta mi så barna høyrde det.
- Eg sa ikkje kva drakt det var. - Dei veit eg verken spelar eller dansar.
Vil du ha nissedrakt i høgraud fløyel eller i purpurraud kordfløyel?
Eg trudde eg skulle prøve drakta, ikkje ta mål.
Kvifor er du sur? Alle veit at du ikkje er nissen, at du berre hjelper han.
Ja, nettopp, og eg vil ikkje sjå eit einaste skuffa ansikt når eg kjem inn.
Å hjelpe den store karen frå Nordpolen er ei heilag plikt - for meg iallfall.
Antikke urne! Kunst av berre glas.
Av menn og jomfruer er du dekka, av skogens kvistar og nedtrakka gras.
Er det Keats, søster?
Det er ikkje måte på skarpsindigheit etter at du begynte å gå ut med presten.
Eg trudde ikkje du kunne halde tritt med han, men der tok eg feil.
Au!
Eg tenkte det var bra julekrybba låg i eska da bomba fall.
- Ein av dei små figurane er visst knust. - Å nei! Hald handa under rennande vatn.
Det er sauen. Han er gått sund. Når skal herr Hitler slutte å tøyse med oss?
Mona Woollnet er i mål. Ein liten gut som skal heite Noel.
Det skjer kvart år: Noel, Robin, Hollie, Carol. Ein kan stille klokka etter dei.
Sjå alle instrumenta! Fiks det, søster Miller.
Eg skal snart inn til søster Julienne.
Det var sant, av stad med deg.
Trykkokaren! Etterpå må du justere lista, eg tar litt magnesiumhydroksid.
Pasientane kjem med godsaker, og eg sa ja til ei sherrykake som eg gulpar på.
Og sjå! Ei stjerne skein i aust, og eseløyra blei funne bak baren.
- Kvar er Freddie? - Han søv. Han hostar fælt.
- Stakkars liten. - Eg kjenner øldunsten.
Tom tilstod at han hadde gløymt att nøklane til baren.
Han kan bli arrestert for ikkje å ha stoppa mindreårige.
- Du jobbar så hardt. - Eg vil ikkje stryke ein gong til.
Peter, da! Det høyrest ut som om du har stroke kvart år. Det er berre to gonger.
Du kan bli arrestert for brot på Optimismelova frå 1959.
Kapittel 1, paragraf 1: "Mangelfull karakterstyrke ved motgang."
Søster Miller. Eg veit at du har tenkt deg grundig om.
Og eg veit at du har gått i deg sjølv, og at du har bedt mykje.
Eg veit det fordi eg stilte dei same spørsmåla og bad dei same bønnene.
Eg trudde eg var sikker, det har gått fleire månader.
Somme tider tar det år. Det er derfor vi testar kallet eit halvt år som aspirant.
Eg veit det, men eg forstår ikkje kvifor eg kjenner kallet. Denne lengten.
Bruk den tida du treng for å forstå kva Gud vil med deg.
Det kjem fleire aspirantar til ordenen på nyåret, og det er plass til deg der.
- Eg forstår. - Er du ikkje klar, kjem det andre høve.
Om eit år, eller kanskje to.
Søster Julienne.
Vil du be for meg?
Alltid.
Kan eg få sjå kor store dykkar er no?
- God jul, søster. - Likørsjokoladar - så dekadent!
Og urinprøve. Så snill du er.
Ho har lagt på seg eit halvt kilo til. Det går veldig bra med henne.
Eg er den heldigaste kvinna i verda. Alle bønnene mine blei høyrde.
Berre ikkje på den måten eg venta.
Ein liten fugl song om at ei viss ung dame skal vaksinerast.
- Og ho er først i køen. - Ho kjem til å fryse forderva, Patrick!
Han er mykje eldre enn henne. Det er ekkelt.
- Lommeduk, Denise. - Eg gløymde han.
Ein skulle tru sekstenåringar var vaksne og kunne tenke sjølve.
Ein sluttar å spørje om dei har lommeduk.
Eg har gløymt min, du får klare deg utan.
Ver så god.
Tørk tårene og snyt deg skikkeleg, jenta mi.
Det er ikkje ofte vi kan sende gravide til Astor Lodge, men det skal vere bra.
Dei tar berre 12 jenter om gongen. Styraren driv det som ein heim.
Kor lenge får ho ha det hos seg? Barnet?
Dei små blir stelte av mora til det første adopsjonssteget er klart.
- Som regel tar det seks veker. - Mitt blir att på sjukehuset.
Eg sa til sosialarbeidaren: Eg vil ikkje sjå det, ikkje røre det.
Og kvar er mor di?
Det står her. Søster Mount følger dykk på bussen og leverer papira til Maltby.
Eg håper det ikkje er langt å gå. Eg har både platespelar og koffert.
Trur du at du skal på feriekoloni på Butlins?
Slett ikkje. Eg er ei St. Moritz-jente. Det er derfor eg går med minkhatt.
- Det er ikkje mink. - Da tenker eg vi går.
- Og ikkje røyk på gata. - Eg var ferdig uansett.
- Kan vi gå ut bakvegen? - Eg trur det er det beste.
Ho har aldri vore heimanfrå før.
Eg håper ingen finn ut kvar ho er.
Når Denise kjem heim, kan ho begynne på nytt.
Ingen kjem til å spørje vanskelege spørsmål.
Ho vil vel ikkje gjere den same tabben ein gong til?
Sikkert ikkje.
- Kva gjer du her, søster? - Trur du eg er uvitande om kva du skal?
Men eg fryktar at om du skal gjere det åleine, får Nonnatus eit sørgeleg tre.
Søster Julienne har sett foten ned. Det må ikkje vere for oppsiktsvekkande.
Ingenting oppsiktsvekkande med gode proporsjonar.
Berre i overdådig pynting og overdriven stussing.
- Tar du deg av dei, Victor? - Eg vil ha eit tre.
Ikkje for slankt eller for lite og tett. Symmetrisk, og det skal dufte av furu.
Alle luktar furu. Det er furu, bortsett frå granene.
Da får du vise dei fram til meg og assistenten min.
Ho får nett det treet ho vil ha. Du tok imot dotter vår, søster.
Det var kvelande varmt, to bomberaid. Du vifta kona mi med rasjoneringsboka.
Sjå på lappen når ho har funne eit og set prisen til det halve.
- Kjem desse frå Tyskland eller Noreg? - Eg veit ikkje, frue, eg er dagarbeidar.
Eg vil veldig gjerne ha eit tre som har vakse på alliert jord.
Ber over med mor, eg synest hatten er nydeleg.
Eg er nøye med kva eg går i. Eg jobba i bestemors kjolebutikk før.
Kom igjen, eg tar veskene. Gå om bord og finn sete.
Og mor di har rett, det er ikkje mink. Det er bisamrotte.
- Kva er bisamrotte? - Ein slags røyskatt, berre smartare.
- Eg er redd. - Ikkje eg. Eg høyrer lovord om staden.
Og Gud skal vite at eg treng å kvile.
Sanneleg er det eit flott eksemplar.
Sikker på at det ikkje er for stort?
Eg fekk det for ein svært god pris, og da kunne eg gå opp i storleik.
Sett det her.
Er det ikkje fantastisk?
- Takk skal du ha. - Takk.
Pakk inn nokre av paiane til han. Dei kjem til å halde seg til jul.
Fattar ikkje kva Mrs. B. har i deigen.
Hei, der. Sir.
Vi tenkte du ville ha eit par kjøttpaiar.
Dei er framleis varme. Eg kjenner det gjennom posen.
God jul.
Sikker på at du ikkje kan byte det?
Ikkje no.
Så sein du er. Du sa klokka fem.
Eg har jobba på marknaden heile dagen. Her er litt godsaker.
Eg tente bra i dag. Vi må ha nokre til målaren, resten legg eg oppi her.
- Om ikkje lenge er han full. - Vi har ikkje så lang tid.
No er det berre fire-fem månader att.
Kan du tenne opp i peisen? Slik du alltid gjer når du kjem heim.
Det verkar nokså aude her. Eg har ikkje vore her før.
Det er logisk. Vi skal gøymast vekk frå folk.
Det har eg vore lenge. Mor har ikkje sleppt meg ut utan kåpe på fire månader.
Og ikkje ein einaste lysdekorasjon.
God ettermiddag.
Det held, takk. Vi rører ikkje andre folks barn på Astor Lodge.
Hygieneforskrifter.
Eg er eit rivjern når det gjeld reinslegheit. Følg meg.
Nymfeparakitten plukkar av seg fjøra. Det er eit sjukdomsteikn hos fuglar.
Eg har papira til begge jentene. Avril Fox og Denise Henshaw.
Da overlèt eg dei i di varetekt.
- Kven er kven? - Eg er Avril Fox. Frøken.
Her er nok alle frøken, vil du sjå.
Og det er Denise. Ho har blodmangel, så ho tar jerntablettar, men eg trur ...
Eg skal sjå til at ho tar dei. Legane og jordmødrene sjekkar om ho treng meir.
Fødselsklokka. Eg må gå, takk skal du ha. Eg tar meg av dei når eg er ferdig.
- Lykke til. La oss vite korleis det går. - Eg skal legge alt bak meg.
Slik skal det låte.
- Kven av dykk er det? - Lena.
Gå og hent veska. Du har vel pakka? Kor ofte må eg seie det?
Veskene skal stå i gangen to veker før termin. Handa.
Liten.
Den ser ut til å passe nokolunde.
Så slepp du å raudne.
Kom med meg, de to.
Han roar seg ikkje om du ikkje legg han. Der er din plass.
- Der er din. - Han kjenner på mjølka kva som skjer.
Det han kjenner i mjølka, er vitamina han får.
- Ikkje sant, veslegut? - Nicholas.
Slutt å lulle deg inn, det blir berre verre for begge.
Vel ... Velkommen til Grand Hotell.
Eg elskar å synge julesongar på sjukehuset.
Er det barnsleg å gle seg over snø til jul?
Vi må spare litt til søster Winifred. Vi legg dei på senga hennar.
Ho kjem ikkje til å takke oss for dei. Ho er veldig glad for å vere nonne att.
- Det er unormalt for unge kvinner. - For eldre òg.
Eitt bad i veka, kapellet fire gonger dagleg, ullsokkar med strømpehaldarar.
De snakkar om det vi ser, ikkje det som skjer i sjelelivet hennar. Ho er kalla.
- Det er sant. - Ja, men du lever eit vanleg liv, Tom.
Du går i vanlege klede, bur i eit vanleg hus.
- Og du kan gifte deg ... om du vil. - Det er også sant.
Kanskje søster Winifred føler seg kalla til å leve eit anna liv enn det vanlege.
Du verkar veldig engasjert i dette.
No comments yet. Be the first to leave one.