ആദ്യത്തെ 178 വരികൾ.
Norske tekstar: Hege Susanne Bergan
2025. Aust-Ukraina. Eitt år etter krigen.
-Er du klar? -Ja.
-No skyt vi. -Kom igjen.
3,11.
-Klar? -Klar.
-Tid? -3,59.
-Kom igjen. -Om kvarandre no.
-Klar? -Ja.
4,18.
-Klar? -Klar.
-Tid? -3,20.
-Nydeleg. -Bra jobba, Ivan.
-Litt vanskelegare no? -Greitt.
Kom igjen. Frå midten mot høgre, frå midten mot venstre. Klar?
-Ja! -Så skyt då, din jævel! Skyt, for faen!
-Klar? -Klar.
Oppgåve: første, tredje, sjuande, femte, i vilkårleg rekkefølge. Kom igjen!
Faen.
Det går bra.
Oppgåve: frå høgre til midten, frå venstre til midten.
-Byrj frå høgre. Er du klar? -Ja!
-Er du klar? -Ja!
Klar? Skyt, for faen! Kom igjen, ditt jævla svin!
Andre, sjette, åttande. Sikt. Skyt i vilkårleg rekkefølge. Forstått?
-Forstått. -Kom igjen! Kom igjen!
-Faen! -Kom igjen! Skyt!
-Faen, har det klikka for deg? -Hæ?
-Skal du skyte meg i vesten òg? -Gjerne.
-Faen. -Galning.
Faen i helvete.
Faen.
Sett deg og slapp av. Gjer det vondt?
Ja, for faen.
Skal du på jobb i morgon?
Eg er møkka lei av jobben og dei andre arbeidarane.
Dei ser på meg som eit slags dyr og snakkar bak ryggen på meg.
Eg drog i krigen fordi eg trudde noko ville forandre seg.
Men dei har faen meg framleis hovudet fullt av Sovjet.
Gi dei tsaren tilbake, for faen.
Først ville eg skyte alle saman.
Så innsåg eg at det var enklare å forsvinne sjølv.
Er du dårleg igjen?
Eg er så føkka. Eg hugsar ikkje sist gong eg sov skikkeleg.
Rekk meg boksen.
Dritpatronar igjen.
Patronane er heilt greie.
-Hei, du. -Hei.
-Eg dreit meg ut i går. Orsak. -Ikkje tenk på det. Det var mi skuld.
-Korleis går det? -Elendig. Eg har sove dårleg igjen.
Eg greier ingenting. Må komme meg bort frå fabrikken, eg blir galen.
Kor skal vi dra?
Vi kan vere leigesoldatar ein stad? Då kan vi skyte igjen.
Det gir iallfall meining, i motsetning til dette.
Vil du ha meir granatsjokk? Meir blod? Meir død?
Greitt. Tilbake til arbeidet.
Kva slags slurvearbeid er dette?
Eg har jobba her i førti år og aldri sett maken.
Kva er dette? Kven sveisar slik?
Du sveisa jo skikkeleg før.
Gjer alt på nytt.
Ikkje spar på elektrodane. Saumen skal vere tjukk.
Eg kjem tilbake og sjekkar.
De, fedrane og bestefedrane dykkar har jobba hardt for å gi familien eit anstendig liv.
De har produsert stål av høg kvalitet, som blei selt over heile verda.
De leverte det gamle Ukraina.
Men tidene forandrar seg.
Alt har ei byrjing og ein slutt.
I dag er det mi tunge plikt å fortelje at fabrikken skal stengast for ombygging.
Ja, ja, eg forstår at de blir bekymra, men vi har ikkje noko val.
Det er nye tider.
Nye teknologiar gjer det gamle overflødig.
Men dei nye teknologiane skapar nye moglegheiter.
Saman vil vi arbeide for ei ny framtid.
Eit konkurransedyktig Ukraina, eit betre Ukraina.
Så la oss ikkje berre lovprise fortida.
Jau, det fanst ei heroisk ånd i fortida.
Men la oss styrke han med ny teknologi.
Og la oss feire den nye framtida i lag.
Takk. La oss skåle.
Kva for ei ombygging? Kvar for nokre nye teknologiar?
Dei berre stenger han.
Kvar skal vi gjere av oss?
-Du seier noko. -Ingen kjem til å investere her.
Dei stenger ikkje fabrikkane i Amerika. Dei berre kvittar seg med ein konkurrent.
Same kva dei seier, kan han framleis vere lønnsam.
Jau. Men då må ein stele mindre.
Metallet blir eksportert og gir utanlandsk valuta til budsjettet.
Vi må nedbetale gjelda, og ho er større enn BNP. Forstår de kva det vil føre til?
Barnebarna våre kan heller ikkje betale. Om to år er det ørken her.
Har dei pumpa ut vatnet frå gruvene? Nei. Vatnet i elva er allereie salt.
-Det er udrikkeleg. -Eg tykkjer vi skal dra til Krim. Eg drar dit.
Brua har kollapsa. Det er masse jobbar.
-Skal du selje skrapjern? -19 kilometer bru!
Er det på grunn av kameraten din? Er du glad fabrikken blir stengd?
-Var det dette du kjempa og drap for? -Ro deg ned!
-Kor mange liv har du på samvitet? -Han forsvarte deg.
Meg? Bad eg deg om å forsvare meg? Hadde eg eit dårleg liv?
Eg hadde ein jobb. Det har eg ikkje lenger. Jævla idiotar!
Du jobbar annakvar veke. Her har du klede, reiserute og passersetel om du blir stoppa.
Kryss av her og her på grensa.
-To kryss? -Ja.
Skriv under her for gjennomgått tryggleikskurs.
Og her for at du er ansvarleg for køyretøyet. Forstått?
-Ja. -Kom tilbake før det blir mørkt.
Det er nesten ikkje folk der. Får du motorstopp, tar det tid å få hjelp.
Reparer heller sjølv. Du har verktøykasse. Tøm tanken på slutten av dagen.
-Greitt. Takk. -Lykke til.
-God dag. Har du ein penn? -Ja.
Ver så god.
-Blir det borte? -Ja.
-Lykke til. -Takk. På gjensyn.
-God dag. -God dag. Du kjem ikkje vidare.
Mineryddarane held på. Du køyrer vatn? Gjenta.
-Det kjem ein eksplosjon. -Oppfatta. Bli med meg.
Finn de noko?
I dag har vi funne fire stridsvognminer på 100 meter.
Heile feltet har nok vore minelagt.
Russarane trudde vel vi skulle angripe dei med stridsvogner.
Det regnar splintar.
-Køyr bort hit. Eg hentar kanna. -Greitt.
-Korleis verkar han? -Eg skal skru han på. Det er mykje gjørme.
-Finn de berre stridsvognminer? -Å, nei! Det er flest av dei, -
- men også POMZ og antipersonellminer. Gutane har funne 50- og 90-miner.
Vi fjernar dei vi kan, og destruerer dei. Resten destruerer vi på staden.
Det vil ta 15-20 år, minst.
Skjønner. Var det mange sommarfuglminer her?
Ja, gutane fann rundt femti i skogen. Dei blei også destruerte.
-Kan eg køyre rundt? -Ja, det finst ein veg til venstre her.
Bruk han, han er allereie rydda. Berre hald deg til han.
-Ute på motorvegen finn du fram sjølv. -Skjønner.
-Han er allereie full. -Ja.
-Greitt, kompis. Vi sest. -Ha det bra.
God kveld. Beklager at eg stoppar deg. Vi har sete fast her i tre timar.
-Hei. Kva er gale? -Dynamoen streikar.
-Det var som faen ... Skal de langt? -Til byen.
-Då får eg taue dykk. Har de tau? -Ja.
La meg sjå. Bilen er tung. Vi må passe på så det ikkje ryk.
Flott, det er solid.
-Fest kroken til bilen, så tauar eg dykk, OK? -Greitt.
-Eg blir med deg i bilen og viser veg. -Fint.
-Ring folka våre og sei at vi er på veg. -Greitt.
Godt at det er varmt her. Vi har stått der i tre timar.
Det kom ingen bilar forbi. Vi blei iskalde!
Bilen var nyreparert, men gjekk sund før det hadde gått ei veke!
Ikkje rart, med desse vegane.
Det er noko som dryp.
Han skranglar fælt.
Det er ei gammal skranglekjerre. Men ho går.
Legg han der borte.
-Hei. -God kveld.
-De er seine. -Vi trudde aldri vi skulle komme fram.
Dette er til dykk. Dette er til oss. Skriv under her.
Nina og Vitalij, kom no. Vi må jobbe.
-Hei. -Hei.
Hei.
Hjelp meg. Ta tak i skuldrene.
Då kan vi jobbe.
Vi har fått inn eit lik. Liket er kledd i ei grøn jakke -
med glidelås av plast -
og grøne knappar av plast.
Tøyet er vått.
Heile overflata er dekt av grå jord.
Tøyet har mange rifter i ulike former og storleikar.
Svart fleecegenser med glidelås.
To stikklommer. Lommene er tomme.
Stoffet i genseren er vått.
Også det er dekt av grå jord.
Korterma T-skjorte. Våt. Ubestemmeleg farge.
På framsida og på sidene av T-skjorta er stoffet rive sund fleire stader.
T-skjorta går i oppløysing under undersøkinga.
Militærbukser.
Mørke- og lysegrøne. På venstre bein er det ein merkelapp:
"MA-034. Snizjne. 16.03. 11.45."
Buksestoffet er vått og dekt med jord.
Påsydde lommer på sidene, -
med grøne knappar.
Lommene er tomme.
No comments yet. Be the first to leave one.