The first 173 lines.
Norske tekstar: Marita Liabø
-Ja, eg skal berre møte Lina og Anna. -Ikkje kom for seint heim, no. Helén ...!
Serien er basert på verkelege drapssaker i Skåne i åra 1989-2004.
Dialogen speglar politiarbeidet, intervju og dokumentasjon. Enkelte namn er fiktive.
Nummeret til Lina står i boka.
Helén?!
Helén!
Ho hadde anorakk?
Politiet i Kristianstad, Nyström.
Korleis var ho kledd? Kva er telefonnummeret dykkar?
Ja. Takk. Eg kjem tilbake til dykk.
Vi har fått melding om at ei jente ikkje er kommen heim.
Vi må gå ut med det. Helén Nilsson. Ti år. Rosa jakke.
Helén!
Helén!
Helén!
Helén! Helén!
Til saman 160 personar har leita etter den forsvunne jenta.
Sivilforsvar, orienteringsløparar, politi og militære -
har finkjemt bustadområda i Hörby.
I dag har dei søkt i dei ytre delane av kommunen.
Helén!
Eg har funne noko!
Her borte!
Ja, der er det noko.
Nei, dette er ikkje hennar jakke.
Det var ved elva i Hörby at tiåringen sist blei sett i går, -
få kvartal frå heimen.
No har ho vore borte i eit døgn.
Det var i sjutida i går kveld ho skulle treffe nokre venner.
Timane går. De har ingen spor etter henne?
Vi har fullt fokus på dette, og vi set inn alle ressursar.
-Får de hjelp frå andre distrikt? -Som sagt set vi inn alle ressursar.
Har de folk nok?
Vi har fullt fokus på dette.
-Arne Svensson. -Eg veit ikkje ... Eg er så jævlig einsam.
-Kva ...? -Eg blir så jævlig mobba på jobb.
Av kvinnfolka.
-Unnskyld, kven er det? -Eg angrar så inni helvete.
Eg held ikkje ut.
-Dette er viktig, Pelle. -"Kulturberarar". Kva betyr det?
Målstyring.
"Styringsmodellar som skaper større fridom for offentleg tilsette".
Som om eg har tid til å fylle ut alt dette? Eg må jo jobbe!
-Det blir betre. Du får tid til overs. -Det er betre at eg gjer det eg kan.
Det er ikkje vondt meint, men ... Dette kan du gløyme.
-Vi var ute og såg på kunsten òg. -Det er jo fint.
Eg kjøpte ingenting. Eg berre kikka.
Herregud.
Det var attmed vegen mellom Träne og Tollarp.
OK. Cirka 60 meter etter avkøyringa.
-Ei steinrøys. -Her kan de ikkje vere.
Gå i same spor.
-Trur du det er henne? -Det er sikkert henne.
-Det er for jævlig. -Ja.
Har de ikkje tatt han? I barnehagen vågar dei ikkje sleppe ut ungane.
Vi har ingen gjerningsmann enno.
Har de ingen mistenkte? Det var eit barn!
Berg burde ikkje sette Arne på dette. Han har aldri hatt ei drapssak.
-Det er komplisert ... -Eg legg personleg fokus på dette.
Eg kan fortelje at Helén Nilsson blei funnen kvelt, i ein bossekk, i Bröd.
Saka har førsteprioritet. Vi oppmodar om å vere varsame og komme med tips.
Takk. Det var alt eg hadde.
Amatør. Dei kjem til å drukne i tips.
-Korfor set dei ikkje oss på saka? -Sei det.
Vi bur nærmast i ein sump. Vi burde sperre inne halve befolkninga.
Arne?
Korleis går det?
Helén Nilsson, ti år og ni månader, blei valdtatt.
Ho døydde av kveling og slag mot hovudet, -
- truleg med ein stump, lang gjenstand.
Slaga trefte med stor presisjon på eit lite område, så truleg låg ho i ro.
Arne, vi kunne ikkje spore samtalen. Men du sa mannen snakka skånsk?
Ja, det stemmer.
Eg må få ei samanfatning etterpå.
Helén var i live i nokre dagar etter valdtekta. Liket blei skylt, -
- og eg fann noko eg trur er sperma, men så lite at vi neppe får fram DNA.
-Når kjem svara? -Vanskeleg å seie.
-Eg fann hunde- eller kattehår. -Jævelen har hund.
Ho var i live i eit par dagar. Då har han halde henne skjult.
Ein Volvo er sett, interessant nok, men ikkje registreringsnummeret.
Volvoen er kan hende kvit, men andre har sett ein raud Volvo.
Og tipsa berre strøymer inn.
-Eg har eit tips. -Gå litt til sides.
Ver så god. Du får fylle ut denne blanketten.
Per-Åke, kan eg få snakke med deg om ein nabo?
Ikkje no.
-Arne, dette kaoset må du rydde opp i. -Seier du det?
Jobb systematisk. Du druknar i tips.
Eg skal nok gjere jobben min, Pelle.
Det er ikkje di sak.
Eg vil berre hjelpe deg.
Eg seier at de må sjekke, ikkje at han er skyldig.
-Er de ikkje naboar no? -Han flytta i vinter.
Han var alltid skitten. Han glodde på meg når eg kom heim. Det var guffent.
Han hadde skitne klede. Som om han hadde sølt på trøya.
Hugsar du kva han heitte?
Leif Storm?
Ja, har du noko å legge til, eller har du sagt alt?
Det er ein ting ... Eg er fotballtrenar for eit jentelag.
Og det er ein vi har reagert på. Han står ved gjerdet og ser på jentene -
når vi trenar.
Det er ikkje slik at han er bestefar til ei av jentene?
Eg har spurt jentene og foreldra, og ingen veit kven han er.
Eg jobbar på Bilsom, og der har vi ein kollega som er himla ubehageleg.
Han kallar kvinner ludder og skjøker, og han har lege med eit barn. I Brasil.
Av og til ser eg han når han går tur med hunden. Det er noko med han.
-Du må prate med henne. -Vent ...
-Ho har sett noko kjempeekkelt. -Eg skjøner. Vent litt. Eg kjem.
Ja. Denne kollegaen ... Kva heiter han?
Han heiter Olsson. Ulf Olsson.
-Korleis går det med etterforskinga? -Det er komplisert. Ingen resultat.
Mange meiner Per-Åke Åkesson burde ta hand om dette.
Det er bra det ikkje er pressa som er på saka.
Sorg og sinne i Hörby. Men mordarjakta held fram.
Store delar av innbyggarane gjekk i kveld til torget i Hörby.
Frå 19.00 blei torget fylt av gamle så vel som unge.
Alle ville vise sorg og avsky over den meiningslause valden.
Det kjem regnbyer i Nord-Skåne, før det klarnar.
Eg kom hit klokka seks i dag tidleg, som vanleg, for å sjå på rådyra.
Eg snudde meg, det låg noko i vegen, og eg gjekk bort for å sjå kva det var.
Det ser ikkje ut til at ho er blitt slept hit. Ho må ha blitt dumpa.
-Har du eit augeblikk? -Ser det sånn ut?
-Tonny har vore i Hässleholm. -Det er ikkje vårt distrikt.
-Eg veit det. -Kva er det?
Ei kvinne på 26 år, prostituert, låg naken midt i vegen.
Ho hadde slagskadar og var kvelt. Eg tenkte straks på Helén Nilsson.
Kvinna, Jannica Ekblad, hadde same typen slagskadar som Helén hadde.
Eg tippar ho blei slått av noko som kan ha vore eit jernrøyr.
Ho låg på vegen, berre tre og ei halv mil frå Bröd.
Bra jobba. Korfor skulle ein pedofil ta ei vaksen kvinne og legge henne der?
Det høyrest ikkje ut som same gjerningsmann.
Det er sant. Men mykje er påfallande likt.
Vi fann hundehår på begge lika.
Og svart plast. Same type plast som Helén var sveipt i.
Det er bra du er ambisiøs. Det liker eg. Men dette er ikkje vårt distrikt.
Vi kan ikkje berre trampe inn der. Det ville vere ein tenestefeil.
Ein mordar bryr seg vel ikkje om regionsgrenser.
Vi skal sjølvsagt sjå på det.
Det kjem nye tips kvar veke.
Folk seier at dei veit kven mordaren er, eller at dei har gjort det.
Det er vanskeleg å vite kva ein skal tru.
Dei er sannsynlegvis berre galne, dei som tar kontakt.
Arne, kva meir veit du?
Han har fjerna alle fingeravtrykk, så vi fann ingen.
Men vi fann eit dyrehår.
Same hundehår som på liket?
Eg veit ikkje.
Gudrun skal hjelpe oss med å lage ein profil.
Ja, dette er ein person som er nøyen, sidan han ikkje legg igjen fingeravtrykk.
Dette er òg ein som ikkje er vand med å uttrykke seg skriftleg, -
og vedkommande er ung.
Damene er ikkje eit ord eldre bruker.
Bra. Er det noko anna vi bør tenke på?
Det er jo ingenting som er sikkert, -
- men brevskrivaren kan vere enten ein som drøymer om å gjere noko slikt, -
- eller ein som vil hjelpe til med å løyse dei to drapssakene, -
eller den som står bak drapa.
Uttrykk som "den jævla einsemda" kan tyde på det. Dessutan skriv han -
- at han ikkje har kjærast, og at damene mobbar han.
Han verkar ynkeleg. Han synest synd på seg sjølv.
I avhøyr kan de sjekke kva ord han bruker. Seier han damene?
De kan utnytte at han synest synd på seg sjølv, slik at han vedgår det.
-"Pønskar på hemn" nemnde ho ikkje. -Vi må ta ein prat. Leit lokalt.
Vi leitar lokalt og på riksnivå.
Har de sett på kjende lovbrytarar?
-Ro deg ned, no. -Eg er jævlig uroleg. Tida går.
-Arne, høyr her ... -Har du ikkje anna å gjere?
Ein organisasjon fungerer ikkje om folk skal legge seg borti ting.
Kan du ikkje sette på noko anna?
Hallo!
-Kva? -Kan du sette på noko anna?
Kjeften! Eg er lei av deg! Faen, altså ... Fuck off!
No comments yet. Be the first to leave one.